Hopp til innhold Hopp til søk Hopp til globalmeny

Kvifor så stille om rassikring?

Illustrasjonsbilde vei

Lekkasjane frå den komande nasjonale transportplanen kjem som perler på ei snor. Nasjonal rassikringgruppe tykkjer det er mistenkjeleg stille om rassikring.

Regjeringa og støttepartia har den siste tida vore på signingsferd rundt om landet. Smilande har dei presentert godbitar frå den komande Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029, som ifølgje samferdsleministeren skal leggjast fram før påske. Det dryp dagstøtt informasjon om store prosjekt og satsingar frå nord til sør.

 

 


Uakseptabelt å vente lenger

– Eg er uroa over at det ikkje blir sagt noko i lekkasjane frå NTP om rassikring. Betyr det at regjeringa ikkje har noko ambisjon om å sikre det offentlege vegnettet i den nye planen? Altfor mange menneske har altfor lenge måtta leve og bu med rasfare. Det betyr redusert livskvalitet i kvardagen. Alle desse menneska fortener at den byrden vert løfta vekk frå skuldrane deira i Nasjonal Transportplan 2018–2029. Tolmodet er slutt, seier leiar Åshild Kjelsnes i Nasjonal rassikringsgruppe.

 

Rassikringsgruppa har lenge vore tydeleg på målsetjinga om at det offentlege vegnettet må sikrast mot rasfare innan 2030. Det er i dag 1700 raspunkt av høg eller middels faregrad som ventar på finansiering.

 

Nasjonal konferanse

På den nasjonale rassikringskonferansen i Tromsø 9. mars set gruppa igjen temaet på dagsorden. Og dei krev handling.

 

– Rassikring må prioriterast i NTP no, elles betyr det at innbyggjarar over store deler av Noreg må vente i endå fleire generasjonar før skule- og arbeidsvegen deira vert sikra. Det er heilt uakseptabelt, slår Kjelsnes fast.

 

Ho saknar ein heilskapleg plan for rassikring, og registrerer at denne ambisjonen manglar i grunnlagsdokumenta frå fagetatane.

 

– Då må vi setje vår lit til rikspolitikarane, seier ho.

 

Variert program

Den nasjonale rassikringskonferansen tek føre seg ei rekke tema knytt til rassikring. Blant dei som deltek er statssekretær Tom Cato Karlsen (FrP), som orienterer om regjeringa sitt arbeid for rassikring. Mads Gilbert ved Universitetssykehuset Nord-Norge snakkar om medisinsk beredskap i samband med skred, og Odd Hugo Pedersen i Norges lastebileierforbund fortel om erfaringar med næringstransportarbeid på rasfarlege arbeidsvegar.

 

I tillegg vert det innlegg ved blant andre Statens vegvesen, NVE og politiske innlegg frå medlemmar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

 

Heile programmet finn du her.

 

For meir informasjon
Åshild Kjelsnes 
leiar, Nasjonal rassikringsgruppe

918 88 568

 

Meir informasjon om Nasjonal rassikringskonferanse.

alehe
Sist oppdatert: 08.03.2017 10:37:09